Objektifisert adventskalender # 15: Arild Opheim

Posted: 15. December 2010 by antigirl29 in Objektifisert adventskalender

I dagens luke gir eg dykk ei sjeldan ut av radioen-oppleving, nemleg Arild Opheim.

Arild Opheim er mannen som i mange år var inne i radioen til tanta mi og mora mi,  i NRK P1. Kvar dag mellom eitt og tre heldt han liv i heimen, på ein jovial og triveleg måte, som fekk hjartet til tanta mi til å hoppe opptil fleire gong for dag. Særleg når han flirte og særleg viss han snakka om noko frå heimtraktene våre. Ein gong greidde tanta mi å vinne eit krus, og det trudde ho var ei personleg gåve frå Arild Opheim. Og ho vart ganske yr, sia ho trudde at mannen var rundt 60 år og eit passeleg stykke mannfolk for ho sjølv. Derfor fekk både tanta mi og eg ei skikkeleg ut av radioen-oppleving då Arild Opheim kom ut av radioen, inn i tv-ruta og viste seg å vere eit heitt stykke mannfolk i 30-åra, i staden for ein mann som nærma seg AFP-alder. Plutseleg likte eg latteren hans, røysta hans og krusa hans, sjølv om han hadde slutta å dele dei ut, og eg jubla ein heil 17. mai fordi Arild Opheim var inne i tven min i bunad, som seg sjølv, med verdas deiligaste glis og ein dialekt som nok ein gong får meg til å finne fram til mitt indre hovudmål, sjølv om eg no kjenner at det nye hovudmålet mitt er Arild Opheim. I klassen menn. I mitt liv.

Mi oppleving til deg:

Det er lille julaften. Du står heime hos deg sjølv og pyntar juletreet og ser mot tv-skjermen. Du ventar på at Arild Opheim skal dukke opp i ein Moods of Norway-dress og snakke om korleis pinnekjøttet skal vere. Du kjenner at etter fjorårets lille julaften med Arild Opheim på tv, har Arild Opheim blitt ein juletradisjon. Hjartet sluttar nesten å slå når Trond Viggo dukkar opp på juleskjermen din. Faktisk mistar du ei julekule i golvet i sjokk og vantru. Kvar er Arild Opheim? Du bøyer deg ned for å samle i hop restane av den knuste julekula. Når du reiser deg opp igjen ser du at det har kome ein nisse inn i stova. Han er høg, breiskuldra, sexy, trass i eit litt tradisjonelt antrekk. Altså nissedrakt og nissemaske og nissehuve. Du ser ikkje kven det er, men du kjenner att latteren. Det er Arild Opheim som er der inne. Han tar av seg nissemaska. Hjartet ditt stoppar igjen. På ein god måte. Og i det hovmesteren snublar over det daude dyret sitt for siste gong for kvelden, bøyer Arild Opheim seg mot deg, tar tak i deg med dei sterke armane sine og kyssar deg. Julekulene glitrar. Sølvguttene byrjar å syngje. Engelen Gabriel kastar ned litt englestøv. Og det byrjar å snø. Du har fått verdas finaste julegåve. Og Arild Opheim er ein juletradisjon som har kome for å bli.

Bytt ut Hilde Hummelvoll med deg sjølv. Og ta på deg ein litt meir snasen julekjole. Sukk. Dette blir bra.

Slik lager du objektet sjølv:

Det må meir enn englar, glansbilete og eit par gamle hekleoppskrifter til for å lage dette objektet. Faktisk er berre dei beste råvarar gode nok for å skape dette produktet. Men start med litt frisk vestnorsk fjelluft, ein radio og to meter kjekk mann, så skal du nok greie å lage noko som liknar. Like bra som originalen blir det nok likevel ikkje.

Advertisements
Comments

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s