Objektifisert adventskalender # 4

Posted: 4. December 2010 by antigirl29 in Objektifisert adventskalender

Det er laurdag, det er fri og det er endeleg tid for å opne luka med verdas finaste nynorskmann i min objektifiserte adventskalender.

Are Kalvø er noko så sjeldan som ein glad, blid og humørfull sarkastisk nynorsk mann. Han er også noko så uvanleg som ein macho nynorsk mann. Og ein kjekk nynorsk mann.  Han er også ein høg, morosam og beint fram fantastisk nynorsk mann. Han er den einaste mannen i verda som kan få folk til å skifte frå spynorsk til nynorsk, han er den einaste mannen i verda som får meg til å lengte til Stranda på 70-talet, ei kjip bygd med pizza og spekeskinke, men også ei bygd som har fostra mannen i mitt nynorske liv, og ei bygd som kunne ført meg og Are Kalvø saman på eit tidleg tidspunkt i hans liv og eit tidspunkt i mitt liv som ligg noko førut for mitt liv, slik at eg i dag kunne sete ved kjøkkenbordet i lag med mannen i mitt nynorske liv og lese tjukke bokmålske aviser og vore søt og sarkastisk i lag med den stort smilande nynorske mannen i mitt liv.

Mi oppleving til deg:

Du sit heime og surmular og kikkar på radioen din og tenkjer at alt var betre før, då Are Kalvø og vennane hans hadde “Hallo i uken” og du flirte så du grein kvar laurdag. No er alt du har igjen den litt dårlege boka hans om Kina-restaurantar og eit minne om då du var mykje yngre enn no og las “Kunsten å vere neger” for første gong. Plutseleg ringjer det på døra di. Utafor står ein høg, macho nynorsk mann i rutate skjorte og med verdas største smil. Det er Are Kalvø. Så er han alvorleg litt, og då er han eigentleg enno kjekkare. Han tar fram ein Grandiosa med paprika, og spør om han kan komme inn. Du inviterer han inn i stova, han set seg i ein stol og byrjar å snakke, med den monotone sunnmørske røysta si. Det er som balsam for sjela di og hjartet ditt. Så fortel du han nokon morosame historier, og Are Kalvø ler med heile den flotte lange nynorske kroppen sin, og han smiler med heile det fine nynorske andletet sitt, og det er så utruleg sexy med menn som ler. Særleg menn som er morosame og som ler av deg. Særleg den nynorske mannen i ditt liv. Du er så varm inne i hjartet ditt at du berre vil at Are Kalvø skal flytte inn i leiligheita di og vere mannen i ditt nynorske liv for alltid. Du skjærer ut eit hjarte av Grandiosaen med paprika, gir det til Are Kalvø og tenkjer at du aldri meir skal skrive sidemål.

Slik lager du objektet sjølv:

Ta ein stk Ivar Aasen, ta vekk alt som er kjipt med han, slik som Sylfest Lomheim, sure lesarbrevskrivarar, bitre folk i strikkagenser og parodisk tjukke brillar, kristenmoralistar med nynorsk anno 1890, sinte damer i lilla skjerf. Legg til ein meter høgde, eit tonn sjarm, litt Stranda-skinke, ekstreme mengdar maskulinitet, sarkasme, utsjånad på plussida og sosiale antenner, ein Grandiosa med paprika, eit rutate skjorte og litt sexy latter. Då er du der.

Advertisements
Comments
  1. […] This post was mentioned on Twitter by Trond Eivind Johnsen, Thore Mehl and Dagfinn Nordbø, Magnhild Antigirl29. Magnhild Antigirl29 said: @Are_Kalvo i dag er du objektet i adventskalenderen min http://bit.ly/giEptX […]

  2. Nynorskingen says:

    På seg sjølv kjenner ein andre: Sidan du har fortalt koss du kan tapa interessa for menner som ikkje oppfyller dine rettskrivingskrav, so har eg her nokre kremt. Skulle mannen i ditt nynorskbilete koma din veg (når du flørtar so kjekt med hovudmålet so kann det snøggt henda, veit du), so kunne gjerne det å gjeva ank på desse småmerknadene vera med på å syta for at han ikkje det av kroken (det vonar eg iallfall — eg vil jo at du skal få deg ein kultivert nynorsking, som ha syn og smak for si eiga målform):

    Flisespikk: leiligheita → leil_e_gheita (Kalvø har uttala dette ordet ofte …); skjærer → skj_e_r (skj_e_rer er sideform — og dialekt i Rogaland mm); ein stk → eit stk; strikkagenser → strikk_e_genser; rutate → rut_e_te (eller ‘rutet’, eller t.o.m. gjerne ‘ruta’: «ei ruta skjorte»);

    Grovisar: lager → lagar (a-verb); brillar → brill_e_r (ei brille); eit rutate skjorte → ei rutete skjorte (ei skjorte)

    Til info: vennane → = klammeform. vennene = hovudform.

  3. antigirl29 says:

    Hei Nynorskingen, takk for korrekturen. Eg kjem ikkje til å beklage så mykje av dette, bortsett frå eit rutate skjorte, som jo er ein openberr slurveskrivefeil. På denne bloggen er det lov med både sideformer og klammeformer og ting som eigentleg er feil, så lengje eg liker det. Denne bloggen er trass alt ikkje staten, sjølv om han strengt tatt burde vore det. Så eg synst du drar han litt langt når du samanliknar mi rettskriving med rettskrivinga til han svært lite skriveføre karen eg prøvde å date (eller ha stemnemøte med, om du vil).

    Eg skjønnar at du sikkert prøver å drive god nynorsk folkeopplysing, men mens Are Kalvø får folk til å bli meir positive til nynorsk, har du motsett effekt. Dersom folk som deg skal vere så firkantige at dei driv korrekturlesing på alt som blir skrive på nynorsk, er det ingen som gidd å skrive det. Inkludert meg, som vart heiltids sidemålsbrukar for ein del år sia. Og då er nynorsk som bruksspråk heilt fucked (eller det går til helvete med nynorsk, om du vil).

    Magnhild

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s